Hent publiserte arrangement frå arrangørar på Hospo, som JSON eller som iCal-kalenderfeed. Ope og gratis, ingen nøkkel trengst. Perfekt for lokale kalendrar og «kva skjer»-sider.
Alle endepunkt er opne GET-kall med CORS aktivert, så du kan kalle dei rett frå nettlesaren eller frå serveren din. Basisadressa er:
https://billett.hospo.noKvar arrangør har ein slug (kortnamn). Med parameteren arrangor hentar du berre arrangementa til éin arrangør. Utan parameteren får du alle publiserte arrangement på tvers av arrangørane.
/api/v1/arrangementListe over kommande publiserte arrangement, sortert på starttid.
arrangor | Arrangør-slug (eller ID). Utan: alle arrangørar. |
type | Filtrer på type, til dømes konsert, basar, marknad, quiz. |
fra | Tidlegaste starttid, ISO-dato eller tidspunkt. Standard: no. |
til | Seinaste starttid, ISO-dato eller tidspunkt. |
limit | Maks tal arrangement, 1 til 200. Standard: 100. |
curl "https://billett.hospo.no/api/v1/arrangement?type=konsert&limit=20"Svar:
{
"count": 1,
"events": [
{
"id": "7c9a…",
"title": "Sommarkonsert på kaien",
"summary": "Utekonsert med lokale band.",
"event_type": "konsert",
"status": "publisert",
"starts_at": "2026-09-05T17:00:00+00:00",
"ends_at": "2026-09-05T21:00:00+00:00",
"doors_time": "18:30",
"location": {
"name": "Kaien, Våge",
"address": "Kaivegen 1, 5680 Tysnes",
"maps_url": "https://www.google.com/maps/search/…"
},
"cover_image_url": "https://…/konsert.jpg",
"age_limit": null,
"entry_mode": "billettar",
"price_nok": null,
"tickets_from_nok": 250,
"signup_deadline": null,
"url": "https://…/arrangement/9f2b…",
"ics_url": "https://…/api/arrangement/9f2b…/ics",
"organizer": {
"name": "Tysnes Ungdomslag",
"slug": "tysnes-ul",
"city": "Tysnes",
"brand_color": "#1a3a5c"
},
"updated_at": "2026-08-12T09:41:00+00:00"
}
]
}entry_mode er anten paamelding (då gjeld price_nok, 0 eller null tyder gratis) eller billettar (då gjeld tickets_from_nok, lågaste billettpris). url er den offentlege arrangementssida med påmelding eller billettkjøp. Lenk dit.
/api/v1/arrangement/{token}Alt om eitt arrangement. Token er siste del av url-feltet frå lista. I tillegg til felta over får du description (full skildring), practical_info, program, faq, gallery_urls, capacity og spots_left (ledige plassar ved påmelding), ticket_types (billettypar med pris og utseld-status ved billettsal) og kontaktinfo til arrangøren.
curl "https://billett.hospo.no/api/v1/arrangement/9f2b0c4e-…"Avlyste arrangement vert leverte med status avlyst, slik at du kan oppdatere eller fjerne dei hjå deg. Utkast finst ikkje i API-et.
/api/v1/arrangement/icsSame innhald som lista, men som iCal-fil (RFC 5545). Kalender-appar og nettsider med kalenderfunksjon kan abonnere direkte på adressa, så kjem nye arrangement inn automatisk. Tek same parameter som lista (arrangor, type, limit).
https://billett.hospo.no/api/v1/arrangement/ics?arrangor=tysnes-ulI Google Kalender: «Andre kalendere» → «Frå nettadresse». I Apple-kalender: «Arkiv» → «Ny kalenderabonnering».
/arrangement/embed som kan leggjast i ein iframe.Spørsmål eller ønske? Send ein e-post til post@hospo.no, så hjelper me deg.
Levert av Hospo